ReNorway
ReNorway er leverandør av fjernvarmesystem og ”plug & play”-energisentralar med universell utforming som er meir kostnadseffektiv og installasjons- og brukarvennlig enn dagens løysingar. Kombinasjoner av kjend teknikk med nye løsningar som blir patentert.  Vi har laga filmen deira!
13.05.14 08:42
Romantic Styling

Utstilling ved Kunstmuseet KUBE 16.11 - 31.12.2013

Fantastiske Osberget fekk dette spanande oppdraget og har designa logo, kunstkatalog, plakat, invitasjon, veggfolie og banner. Utstillingsåpninga laurdag 16. november vart ein knallsuksess med over 250 besøkjande. Takk for eit supertgivande prosjekt!Romantic Styling er ein utstilling der forstaden står i sentrum både i motivkretsen og gjennom kunstneranes bakgrunn. Vi møter forstadsmenneske og forstadens ulike karaktererar. Deiras verdiar, draumar og kvardagsliv lyftast fram og belysast frå ulike hold. Valeria Montti Colque og Bent Erik Myrvoll tilhøyrer ein generasjon kunstnera som har vakse opp i ei tid då vårt vestlige overflodssamfunn har nådd toppen av alle konjunkturar. Dei er samtidig i den generasjonen som kanskje fyrst har fått kjenne på dei negative fylgene denne ikke-bærekraftige utviklinga har hatt og vil kome til å få for miljø og fordelingspolitikken. Dette er tema dei begge har tatt med inn i kunsten, blant anna gjennom gjenbruk av material.  
18.11.13 09:16
Budsjett og økonomiplan Ulstein kommune
Vi har i samarbeid med Ulstein Kommune utarbeida Budsjett- og Økonomiplanen for 2014 - 2017. Per Eide har tatt bilda. Vi takkar for arbeidet!Ulstein er ein kommune på øya Hareidlandet på Sunnmøre i Møre og Romsdal, med kommunesenteret Ulsteinvik. Han grensar i aust til Hareid kommune. Mot vest ligg øykommunen Herøy. Mot søraust, over Vartdalsfjorden, ligg Ørsta og Volda. Bygdene Haddal, Eiksund, Hasund, Dimnøya, Flø, Skeide og Ulstein ligg alle i Ulstein kommune. Kommunevåpenet viser ei rekke med sju taggar i gull som symboliserer dei sju skulekrinsane Ulstein kommune ein gong hadde, dette er lagt på ein blå botn. Kommunevåpenet vart laga av Asbjørn Waage i 1984. Besøk kommuna si heimeside her.        
15.11.13 08:56
ULSTEIN FJERNVARME
Ulstein Fjernvarme er ei nyetablert bedrift i Ulsteinvik som leverer fjernvarme til private og det offentlege. Deira fokus er fornybar energi gjennom aktivt utviklingsarbeid som trygger samfunnets fellesskap og framtid. Dei leverer varme og kjøling frå termisk oppvarming ifrå sjøen og har såleis miljøet sentralt i deira visjon.Osberget AS har fått det ærefulle oppdraget å byggje profilen deira frå starten. I arbeidet med logoen var nettopp miljøaspektet sentralt. Logoen skal reflektere at Ulstein Fjernvarme leverer både kjøling og varme. Dråpen er symbolikken på energikjelda deira. Den grønblå fargen er både varm, kald, og kan saman med si organiske form, assosierast til vatn, naturen og miljøet. Vi gleder oss til det vidare arbeidet med Ulstein Fjernvarme!
14.11.13 13:45
FURENE - 40 år!
Furene fyller i 2013, 40 år! I den samanheng har vi bistått med å utarbeide eit jubileumshefte. Gjennom 70 sider får interesserte eit innblikk i historikken til Furene AS, samt møte nokre av nøkkelpersonane bak den stadig veksande bedriftaFurene AS skal utvikle og levere tenester som er attraktive i den forstand at dei inkluderer og fremjar arbeid i aktivitet. Deira visjon er "Furene - for den som vil og kan!" og set menneske i fokus ved å la evner og anlegg hos kvar enkelt spire. Deira profil og verdiar ville vi fremje gjennom enkel grafikk som symboliserar det skjøre, men veksande menneske - og Furene som ei hjelpande hand i denne prosessen. Forfattar: Asle Geir Widnes Johansen
14.11.13 13:18
ULMATEC
Ulmatec leverer funksjonelle og spesialiserte marine løysingar for riggar og skip basert på kundane sitt behov. Saman med Tegneren står vi bak den grafiske profilen til Ulmatec.I samanheng med Nor-Shipping 2013 ønskja Ulmatec å friske opp profilen med både bildekonsept, brosjyrer, messestand og nye nettsider! Ulmatec ønskja å nytte enno meir av potensiale i profilen. Klare fargar, stramme linjer og bildebruk skulle forsterke dei som ein solid leverandør. Osberget takkar for oppdraget med utarbeiding av nye nettsider, design og leveranse av messestand og grafisk arbeid. Til bildekonsept har vi brukt fotograf Vasco Pinhol.

Besøk nettsidene til Ulmatec på www.ulmatec.no.            
24.07.13 14:02
Norsk Dystoniforening
Gjennom tett samarbeid med kunden har vi utvikla og designa dei nye heimesidene til Norsk Dystoniforening. Heimesidene er tilpassa mobil og nettbrett. Vi takkar for dette kjekke oppdraget! Nettsida kan du finne her.
12.07.13 14:58

Fantastiske Osberget er eit
fullverdig reklamebyrå.

Vi leverer alt innan
profilering og design.

Fantastiske Osberget
Postboks 168
6067 Ulsteinvik
post@osberget.no
70 00 90 90

Hareide Design samarbeider med Ulsteinvik-byrå
Industridesignar Einar Johan Hareide har inngått samarbeid med Fantastiske Osberget i Ulsteinvik. Begge partar ser fram til fleire fellesprosjekt utover hausten.Einar Hareide, som voks opp på Hareid, er ein av få norske industridesignarar som har fått eit namn i norsk offentlegheit, og som har brei internasjonal erfaring som bildesignar. Etter at han 1999 slutta som sjefdesignar hos Saab Automobile i Sverige og starta eiga verksemd i Norge, er han blitt breitt profilert i media og vore ein frontfigur for det norske designmiljøet. I 2000 etablerte han eige firma i Møllebyen i Moss, Hareide Designmill AS. Seinare flytta han verksemda til Oslo, og driv i dag Hareide Design, ei internasjonalt orientert design- og konsulentverksemd med kontor i Oslo og Göteborg. Hareide samarbeider med lokale og internasjonale selskap og hjelper dei til å skape meiningsfulle produkt, tenester og opplevingar. Har følgt med på utviklinga i Fantastiske Osberget
– Eg har kjent Åge og Magne Grimstad i mange år, heilt tilbake til skuletida og tensingmiljøet, og har følgt med på kva de har sysla med, fortel Hareide, og legger til: - Vi har mange av dei same typar kundar, ikkje minst på Sunnmøre. Eg synest Fantastiske Osberget har vore flinke og fått til mykje. Eg trur vi kan utfylle kvarandre i eit samarbeid. I Hareide Design jobbar vi mykje med industridesign. Fantastiske Osberget er dyktige på visualisering og animasjon. Dessutan opplever eg miljøet i byrået som uformelt og hyggeleg. Vi har prata om eit samarbeid i fleire år. Felles kundar
No er planen å treffe kundar i fellesskap. Det vil vere enklare også for kundane: – Vi håper sjølvsagt at det skal gi oss fleire kundar, men også artige arbeidsoppgåver som vi kan samarbeide om; kanskje finne nye vinklinger og idear som kundane ikkje har tenkt på, seier Hareide, som alt har gjennomført fleire kundemøte saman med byrået i Ulsteinvik. Tanken er at Hareide skal stå for designen, medan Fantastiske Osberget tar seg av animasjon/visualisering og alt grafisk arbeid. - Det blir kjekt for oss å ha ein base der oppe. Eg er ofte på Sunnmøre, har fleire kundar der og ei mor på Hareid. Eg ser eit stort potensial i dette området, og opplever at der er stor interesse for industridesign og for kva industrien kan gjere. Ikkje berre for at ting skal sjå fine ut, men at designet fungerer og kommuniserer. Design er jo kommunikasjon, og der ligg det alltid ei spennande utfordring, resonnerer Hareide, som blant andre har Rolls-Royce Marine på kundelista. Ein av våre heltar
Dagleg leder Åge Grimstad i Fantastiske Osberget er både audmjuk og glad for å kunne innleie samarbeid med Einar Johan Hareide: - For oss som har drive med design her oppe, er han det nærmaste vi kjem ei stjerne utanom idrettsstjernene våre. Han har vore ein stor helt, og så kjem han frå våre kantar. Det er klart vi ser fram til å samarbeide med ein slik mentor. Samtidig har vi store forventningar til kva vi kan skape saman, seier Grimstad.
22.08.14 13:03

Sanco arrangerte bildekonkurranse då dei skulle lage ny webside
Responsen frå mannskapet var stor då Sanco Shipping utlyste bildekonkurranse for å få inn bileter til den re-designa websida si.Reiarlaget har vore kunde hjå Osberget i om lag ti år, og har no fått eit nytt «vindauge» mot verda. Dei nye websidene www.sanco.no er moderne og brukarvennlege. — Vi gjorde eit bevisst val då vi involverte mannskapet. Ein stor del av mannskapet manglar tilhøve til Gjerdsvika og Noreg, og ved at dei er med både framføre og bak kameraet, så vert dei ein synleg del av profilen til selskapet. Slikt bygg identitet, fortel Operasjonsdirektør i Sanco Shipping, Rudy Amundsen. Eit utval av dei om lag femti bileter reiarlaget fekk inn frå mannskapet kan du sjå på sanco.no. På dei nye websidene kan ein òg følgje alle Sanco båtar via ein kombinasjon av AIS tracing og Google maps. —Dette er noko vi ser at både dei tilsette og familiane deira set pris på, seier operasjonsdirektøren. Sanco Shipping vart etablert i 1996, og held til i Gjerdsvika i Sande. Reiarlaget starta opp med forsyningsskip retta mot seismikkskip. Seinare har flåten blitt utvida med både 2-D og 3-D seismikkskip, og dei har oppdrag for nokre av verdas mest anerkjente geofysiske selskap. Websidene til selskapet var nokre år gamle då Amundsen byrja i Sanco Shipping, og han syns det var på tide å modernisere dei. —Det er kanskje lettare å sjå slikt når ein kjem utanfrå forklarar Amundsen. —Dei gamle sidene var statiske, umoderne og ga ikkje de rette inntrykket av reiarlaget. Dei nye websidene har responsiv design. Det vil sei at dei justerer seg slik dei passer til skjermen til den som besøker sidene. —Stadig fleire nyttar mobil eller nettbrett når dei besøker nettsidene våre. Dei gamle sidene var visuelt ikkje gode nok lenger. Det var viktig for oss å velje ein leverandør som kunne levere responsiv design, understrekar Amundsen. For Sanco Shipping er det viktig å bruke lokale leverandører når dei er konkurransedyktige på pris og kvalitet. Å ha ein leverandør som Osberget i nærområdet er derfor eit stort pluss ifølgje operasjonsdirektøren. —Vi opplevde også å bli lytta til med ein gong vi tok kontakt med Osberget og sa at vi ville ha ny design på sidene våre, fortel Amundsen, som set stor pris på at både daglig leiar Magne Grimstad jr. og marknadsansvarlig Desiré Gugelmann tok turen til Gjerdsvika. Han fortel også at dei samarbeida godt med grafisk designar Marius Ertesvåg. —Marius var verkeleg «på ballen». Fokus var på det visuelle. Vi beheldt det meste av teksten frå dei gamle sidene, men moderniserte språket, fortel Amundsen, som er svært godt nøgd med resultatet og gjerne anbefala andre å kjøpe websider frå Osberget. Dei tilsette hjå Osberget er også svært nøgd med prosessen. —Både Rudy Amundsen og Richard Slettevoll frå Sanco Shipping og Desiré var hands on under heile oppdraget, og eg føler vi gjekk godt saman som team, fortel Ertesvåg. Han meiner at Desiré hadde full kontroll på prosessen, milepelar og prosjektleiinga. Sjølv produserte han det visuelle, samt andre oppgåver knytt til publisering av nettsida. —Sanco Shipping ønska ei rein, profesjonell, og moderne side, og det føler eg vi lukkast med å levere meiner Ertesvåg. Han fortel at det vart mykje finpussing mot slutten, noko han meiner høyrer med for å produsere eit godt resultat. Den grafiske designaren er svært takksam for å ha fått vere en del av prosjektet. —Eg vil personleg takke alle involverte, og ikkje minst vil eg takke for eit spennande oppdrag samt ein flott prosess!​ Også Magne Grimstad jr. set stor pris på oppdraget og fornya tillit frå Sanco Shipping. —Vi har i fleire år samarbeid med reiarlaget og har følgt selskapet i ein periode med eventyrleg vekst. Vi er stolt av å levere ny nettside til eit av verdas mest lønnsame selskap. I min barndom var eg ofte i Gjerdsvika, og eg blei kjend med eit folk og ein stad som på alle måtar var solid. I tillegg var staden kjend for å ale fram dei vakraste kvinnene på Søre Sunnmøre. Vi veit det er pengar og kvinnfolk som styrer verda. Gjerdsvikarane kan begge deler og er derfor i verdseliten, avsluttar Grimstad.
14.08.14 09:54
Kan rydde plass til ein utstillar til
- Vi har selt ut alt på fellesstanden. Men om nokon verkeleg ønskjer ein plass, så kan vi klare å ordne det. Berre ta kontakt, seier prosjektleiar Camilla Refvik i Fantastiske Osberget.Som kjent har fylkeskommunen i Sogn og Fjordane invitert bedrifter med på ONS 2014, som går av stabelen i Stavanger 25. til 28. august. Fantastiske Osberget AS er tilretteleggar, og selskapet arbeider no med å gjere fellesstanden så attraktiv som råd: -  Målet vårt er sjølvsagt å skape ei attraktiv fellesmarkering av olje – og gassrelaterte næringar frå regionen vår. Derfor har vi invitert bedrifter i Sogn og Fjordane til å markere seg under fellesstanden på ONS 2014. Fellesstanden i 2012 vart svært godt motteken. Vi byggjer vidare på det beste av det vi har av erfaringar frå tidlegare, seier dagleg leiar Åge Grimstad i Fantastiske Osberget.  -  Vi jobbar no vidare med dei utstillarane som er påmelde, for at dei skal få det slik dei ønskjer. Dessutan arbeider vi med diverse fellesinnslag som føredrag og liknande under desse dagane i Stavanger, fortel prosjektleiar Camilla, som altså vil har selt alle opphavlege plassar på standen, men arbeider med å rydde rom for ein til.
02.07.14 07:24