PowerPoint-nostalgi: hugsar du når dette var eit forsvarleg stilval?
av Åge Grimstad
21. september, 2020
Skal noko presenterast er bransjestandarden framleis PowerPoint. Mange legg mykje pengar i omprofilering og redesign for å framstå meir moderne og profesjonell. Den same profesjonaliteten må sjølvsagt vidareførast til presentasjonen.
Vi har samla nokon tips som vil løfte din presentasjon til eit enno høgare nivå:
1. Tenk på mottakaren
Ingen kundar er like, så bruk gjerne ein ekstra halvtime på å skreddarsy presentasjonen for den konkrete mottakaren. Publikum merkar seg at ein har lagt inn ein innsats spesifikt for dei. Dette kan i mange tilfelle vere ein avgjerande faktor.
2. Færre ord, fleire bilete
Visuelle inntrykk vert hugsa betre enn tekst. Så bruk heller tid på å finne gode og talande bilete. Med mindre tekst, unngår ein også den typiske «lese-fella», og presentasjonen framstår meir naturleg og avslappa.
Skal presentasjonen delast ut i etterkant, kan det utarbeidast eit meir utfyllande dokument som eignar seg betre til lesing. Dette gir meirverdi for publikum, og dersom dei les dokumentet i ettertid vil dei hugse betre kva presentasjonen handla om.
Kort ned tekstmengda, hald fokus på dei viktigaste hovudpunkta, og repeter dei gjennom presentasjonen. Repetisjon sikrar at dei som høyrer på lettare hugsar hovedpoenget med presentasjonen.
Fjern gjerne uviktige fyllord som ikkje forsterkar og er avgjerande for at hovudbodskapen når mottakaren.
5. Hald det enkelt
Dei mest imponerande PowerPoint-presentasjonane er dei som vert hugsa. Så ver merksam på å halde deg innafor ein fastsett og enkel mal. Varier gjerne innafor denne, men med måtehald. Ta hensyn til publikum, og vel fargekombinasjoner som passar saman og som fremjar lesbarheit. Nyttar ein same skrift, storleik, plassering av bilete og element, osv. gjer ein det enklare for publikum å henge med. Det tryggaste er å nytte designprofilen: då er ein sikra eit fagleg utarbeida grunnlag for det visuelle uttrykket.
6. Begrens effektar
Bruk bilete- og lydeffektar varsomt. Sjølv om PowerPoint har uendelig med moglegheiter, er det ikkje alltid lurt å benytte seg av alle, samtidig, på kvar slide. Høg effektbruk kan gjere det vanskeleg å navigere seg fram og tilbake i presentasjonen undervegs, dersom det er behov for det. Ein flyttar også fokuset vekk frå bodskapen som skal formidlast.
7. Øving gjer meister
Til slutt: Øv til du er trygg på at du faktisk kan presentasjonen, og at du kan presentere den på ein avslappa og naturleg måte. Dette er betre for både deg, og dei som skal høyre på.
Bonus: start med den generelle målgruppa
Ofte får ein uventa forespurnadar om å presentere noko. Difor er det lurt å ha ein generell PowerPoint-presentasjon tilgjengeleg som kan nyttast til ei kvar tid. Får ein ei henvending på kort varsel, ligg grunnlaget allereie klart. Dessutan kan ein generell presentasjon raskt og enkelt tilpassast eit meir konkret publikum.
Presentasjonen bør utarbeidast etter den generelle målgruppa. Er ein usikker på kven dette er, kan ein få svar på dette gjennom sporing av data- og brukartrafikk på heimesida. Verktøya ein nyttar gir ein prosentvis oversikt over alder, kjønn og geografisk plassering til alle som besøker heimesida.