Ansvarsområdet til Magne er den daglege drifta av selskapet. Han utarbeider tilbod, skriv kontraktar og søknader, osb. I tillegg arbeider han med design av nettsider, magasin og bøker.
Magne seier at om du ikkje er på nettet som bedrift eller organisasjon, så eksisterer i realiteten ikkje verksemda di. Derfor er nettsider den viktigaste kommunikasjonskanalen ut til kundane dine. Han arbeider også med bøker, som framleis er eit viktig medium.
Tilfeldige fakta
- Magne speler bass i to band: OldPlay og Holy Ghost Band – børs og katedral. Her kan ein velje mellom musikk til dans og musikk til bedehus…
- Magne er ein ivrig fjellgjengar og elskar via ferrataer og fjella i Nord-Italia – pluss Sunnmørsfjella, sjølvsagt!
- Sommaren 2020 klatra han nasjonalfjellet i Noreg, Stetinden.
- Mot slutten av 1980-åra stod han og haika i Drammen og skulle til Kongsberg. Den som stoppa og tok han på, var sjølvaste Bjørn Eidsvåg!
Fantastiske prosjekt Magne har jobba med dei siste åra
1. Levd liv
Magne er redaktør for det historiske tidsskriftet til Ulstein historielag, som heiter Levd liv. Kvart år gir historielaget ut ei eiga bok med 15–17 ulike artiklar. I tillegg til å setje boka har han hatt ansvaret for éin til to artiklar.
www.levdliv.no
2. Heimebane
Saman med Ellen Skodjevåg Bø og Sytalaust har Magne hatt ansvaret for å setje opp magasinet Heimebane. Magasinet kom ut til jul 2020 og blei distribuert til alle husstandar i Ulstein, Hareid, Ørsta, Volda og Herøy. Designet og oppsettet var allereie etablert, så oppgåva til Magne var å setje inn innhaldet basert på ein mal.
fantastiskeosberget.com/prosjekter/heimebane-magasin
3. IL Hødd
I samarbeid med idrettslaget Hødd har Magne hatt ansvaret for nettsidene til hovudlaget. Dette er ei samleside for heile organisasjonen Hødd. Nettsida blei lansert romjula 2020.
www.ilhodd.no