Eigar av nettstaden og kontaktopplysningar
Namn: Osberget AS
Org. nr.: 982 313 708
E-post: post@osberget.no
Telefonnummer: +47 7000 9090
Osberget beskyttar ditt personvern i følgje gjeldande lover og reglar og er behandlingsansvarleg av dine personopplysningar. Her har du meir om korleis vi samlar inn og nyttar informasjon om våre brukarar, og korleis vi beskyttar brukarane sitt personvern. Du har rett til innsyn i eigne opplysningar.
Osberget sel ikkje personopplysningar til tredjepart, eller byter og videreformidlar denne informasjonen til tredjepart. Utanforståande kan kun få innsyn i denne informasjonen dersom dei skal gjennomføre bestemte tenester for oss. Ved påmelding av nyheitsbrev og kurs samlast det inn informasjon for å kunne nå deg. Desse opplysningane blir ikkje delt med andre.
Kva er ein «cookie»?
Ein «cookie», eller informasjonskapsel, er ei lita datafil som plasserast i nettlesaren din for å kunne halde oversikt over kva som skjer under ditt besøk og for å kunne gjenkjenne datamaskina. Dette er informasjon som er nødvendig for brukaropplevinga på nettsida. Ein «cookie» er ikkje eit program og inneheld ikkje virus. Du kan lese meir om «cookies» og korleis du kan blokkere dei her: https://nettvett.no/slik-administrer-du-informasjonskapsler/
Bruk av cookies på nettsida
Ved å nytte denne nettstaden – osberget.no – samtykker du i at det blir sett «cookies» i nettlesaren din – i og med at dei fleste nettlesarar er innstilte slik at dei automatisk aksepterer «cookies». Denne informasjonen kan på ingen måte sporast tilbake til ein enkeltperson. Dersom du ikkje vil akseptere vår bruk av «cookies», kan du gå inn og trekke tilbake samtykket ditt ved å endre innstillingane i nettlesaren din. Vi gjer deg imidlertid merksam på at dette kan medføre at tenestene på våre nettsider ikkje fungerer optimalt.
Osberget nyttar «cookies» for å analysere mønster i bruken og drive nødvendige funksjonar på nettsida. Funksjonar som er avhengige av «cookies» for å virke kan til dømes vere å hugse at du er innlogga, kva du har lagt i ei handlekorg eller om du er ein eksisterande eller ny brukar av nettstaden.
Data som samlast inn nyttast til å forbetre nettstaden sin funksjonalitet og brukarvennlegheit basert på brukarane sine behov og interesser. Data blir som hovudregel ikkje delt med tredjepart. Unntak frå dette kan vere dersom Osberget får bistand frå løysningsleverandørar med nødvendig teknisk og fagleg bistand, for å sikre optimal drift av nettstaden.