Dei ulike festivalane i Hareid og Ulstein har gått saman om å gi ut eit felles magasin. Magasinet og fellessatsinga har fått namnet Festivaløya og skal omtale små og store arrangement på Hareidlandet. Fantastiske Osberget har i fellesskap med ei arbeidsgruppe laga logoen. Det er Sytalaust ved Ellen Skodjevåg Bø som har ansvaret for magasinet.