Vi gjer universell utforming enkel for alle

Illustrasjon som viser mennesker med og uten rullestol
av Lena Johnsen
02. oktober, 2023

Alle nye nettsider som vert utarbeid av Fantastiske Osberget vert utarbeid i samsvar med regelverket knytt til universell utforming (WCAG). Vi hjelper deg med å skape inkludarende brukaropplevingar som fungerer for alle brukarar.

Universell utforming, eller bruk av livsløpsstandard, er eit begrep innan samfunnsplanlegging, IKT, design, arkitektur, teneste- og produktutvikling.

Digdir.no skriv på sine nettsider: «Universell utforming betyr at brukarane – uavhengig av sine føresetnader – på ein god og enkel måte kan ta i bruk både nettsider, appar og automatar som dei møter i kvardagen. Dette er pålagt gjennom forskrift om universell utforming av ikt-løysingar.»

Krav til universell utforming nettsidene

Det offentlige skal fylgje alle dei 48 krava, medan det for det private er pålagd å fylgje 35 krav – les meir om forskrifta. For det offentlige blei forskrifta påbode 1. februar 2023. Blant krava finn vi bl.a:

  • høg kontrast på tekst
  • presentere innhald i ei logisk rekkefølge
  • ikkje tap av innhald ved zoom inntil 200 prosent
  • ikkje viktig tekst på bilde
  • teksting av video
  • all koding i samsvar med gjeldande rentingslinjer osv.

Du kan lese meir om regelverket på nettsidene til Uutilsynet.

Vi hjelper deg

Fantastiske Osberget kan hjelpe deg med å utforme dine nettsider i samsvar med universell utforming. Ta kontakt med oss på post@osberget.no

Gå til toppen