Visuell identitet og design og profilering er ein viktig del av eit selskap si merkevarebygging. Den grafiske profilen skal visualisere alt verksemda står for, skape eit solid heilskapsinntrykk og bygge truverd.
Vi produserer grafikk og visuelle element som står i stil med kvarandre og det etablerte uttrykket til verksemda di. Dette gjeld alt frå logo og typografi, til fargar, designelement og fotostil.
Vi produserer brosjyrer, bokdesign, presentasjonar, visittkort, kalender, messestand, produktark, og alt innan trykksaker. Treng du hjelp bistår vi meir enn gjerne med rådgjeving, utforming av idéar, konsept og bodskap.