Himmel over bygda
Asle Geir Widnes Johansen
395,-
Lagerstatus:
På lager
Leveringstid:
2-4 virkedagar
Frakt:
70,-
Om du ynskjer å spare porto, kan du hente boka på Hareid kyrkjekontor.
Dette er ei historiebok; ei bok om korleis kyrkje og kristendom opp gjennom åra har vore med på å skape Hareid, påverka tankeliv og kultur, fått menneska til å samhandle; vore lim i samfunnet. Boka er i prinsippet skriven for alle, og då spesielt for den lesande, historieinteresserte delen av folket i Hareid, men òg vidare.
Boka er ikkje minst retta mot dei som er særleg interesserte i korleis kristendommen og kyrkja har vore med på å forme dette lokalsamfunnet. Forfattar er Asle Geir Widnes Johansen.
Innhald
- Kapittel 1 – Kristninga av Hareid og utviklinga i mellomalderen
- Kapittel 2 – Reformasjonen og i tida etter
- Kapittel 3 – Einevaldstid og pietisme
- Kapittel 4 – Inn i ei ny tid – og med ny kyrkje
- Kapittel 5 – Misjonsarbeid, vekkingar, foreiningar og lagsliv
- Kapittel 6 – To kommunar, to sokn, eitt prestegjeld. Soknerådet blir innført
- Kapittel 7 – Ny prest og nye vekkingar
- Kapittel 8 – Krigen
- Kapittel 9 – Atterreising
- Kapittel 10 – Farvel til 1950-talet
- Kapittel 11 – 1970 talet
- Kapittel 12 – 1980-talet
- Kapittel 13 – 1990-talet
- Kapittel 14 – 2000–2023